Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Susanne Lundeng Duo

19. oktober 2023 / 20:00 - 22:00

Susanne Lundeng er ein av Noregs mest anerkjende folkemusikarar. Med sine musikalske røter i folkemusikken i Nord-Noreg, har ho ein særeigen lyd som musikar, komponist, songar og musikalsk fritenkjar.

Gjennom sitt forhold til kunstforma og dei gamle tradisjonane som følger, har Susanne utvikla sounden sin over tid og ho har fått stor aksept også internasjonalt.

I sitt samspel med jazzmusikar Nils-Olav Johansen, utforskar ho musikken gjennom improvisasjonssamtalar, og i tekstane og melodiane skildrar ho sjølve livets dramatikk og dets verknad på både menneske og landskap. 

 

«Følge» er Susanne Lundeng sitt 13. album og vart sluppe 27.januar 2023.

 

Susanne Lundeng sitt musikalske språk ligg trufast i djupna av den nordnorske urrytmen, ein pulserande tre-takt med kraft og intensitet og med folketonane sine poetiske og melodiøse linjer. Her er langstrakte, målande musikalske bilete med fela som fortel, og små sanselege betraktningar i tekstene, alltid nært tilstedeværande.

 

Til Volda kjem Susanne med Nils-Olav Johansen som duo. Dette blir djupt melankolsk, dempa, ømt og stormfullt, vel møtt!

Besetning: 

Susanne Lundeng – Fele og vokal

Nils-Olav Johansen – Gitar

 

Detaljer

Dato:
19. oktober 2023
Tid
20:00 - 22:00
Hjemmeside:
https://www.jazzklubben.no

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website