
Silver Trail
oktober 20 / 22:00 - oktober 21 / 00:00
kr100
Konsertstart kl 22:00
Midt i hjartet av det naturskjøne Sunnmøre har vi eit merkverdig kult rockeband, Silver Trail!
Bandet består av fire røynde musikarar, og erfaringa deira set eit tydeleg preg på musikken. Silver Trail er Knut Eilevsen på trommer, Martin Foldal på bass, Per Arne Bjørkedal som vokalist og den allsidige Frank Utgård på gitar.
Det som skil Silver Trail frå mengda, er vokalist Per Arne si sexy og djupe stemme som dirrar i sjela. Stemma hans legg eit mystisk og sanseleg lag til bandet sitt lydbilde og gir det ein ekstra dimensjon som er vanskeleg å ikkje verte tiltrekt av.
Tredet held ope til 02:00.