Om Tredet

Ein møteplass for alle

Tredet er ein kafé og bar, lokalisert i hjartet av Volda sentrum. Vi er 68 aksjonærar som gjennom lokalt engasjement og eigarskap har hatt eit brennande ynskje om å revitalisere det som tidlegare har heite «Det Grøne Treet», for å skape eit breitt kulturelt tilbod. Det nye namnet vart Tredet, og vi byrja på eit stort oppussingsprosjekt. Vi har på dugnad blant aksjonærane og andre frivillige totalrenovert dei gamle lokala, samt slått ned veggen mot nabolokalet, og slik skapt det nye konseptet. Dette gjer at Tredet i dag framstår i ei heilt ny drakt med moderne lokaler, som har større kapasitet og såleis er veldig godt eigna til ulike arrangement.

Vårt mål

Tredet har som mål å skape eit breitt kulturelt tilbod i Volda der ein ynskjer og ha ulike typer arrangement. Vi ynskjer ei triveleg og lun atmosfære inne, og også ute i det overbygde glashuset. Tredet vil kunne tilby kafémat, lunsj og middagsrettar som ein kan nyte både på dagtid og kveldstid, kvardagar som helg. Vi i prøver så langt det let seg gjere å nytte oss av det lokale næringslivet til kjøp av våre råvarer. Vi har eit godt vin- og ølutval, både på tapp og glas, i tillegg til at vi er særs stolte av å kunne tilby nydelige cocktails.