Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Aila trio og Kåre Nymark kvartett (dobbeltkonsert)

november 15 / 19:00 - 23:00

Aila trio er ein eksperimentell jazztrio med base i Noreg. Komposisjonane er skrive av bassist Aila Georgia Mae Wartel Collins, og kan beskrivast som forteljande melodiar som framkallar ein draumeaktig tilstand. Med Georgias komposisjonar som utgangspunkt, skaper trioen eit skakande lydlandskap med sine pønk-aktige frijazz-beats og minimalistiske improvisasjonar. Det er alltid rom for dei individuelle historiene til musikaren innanfor rammene komposisjonane, og trioen bevegar seg fritt mellom improvisert og komponert materiale.

I 2019 gav Aila trio ut debutalbumet sitt på plateselskapet HOO-HA Recordings. I 2023 vart deira andre album Shaped by Sea Waves gitt ut på det San Francisco baserte plateselskapet Edgetone Records. Albumet vart kåra til topp éin favoritt utgivingar av musikkmagasinet Jazznytt i sommarutgåva 2023. ‘Ganske så perfekt trio-ungjazz (…).

Besetning:

Georgia Wartel Collins – bass og komposisjoner

Karl Hjalmar Nyberg – saksofon

Andreas Winther – trommer

 

Kåre Nymark jr. er frå Langevåg på Sula. Han er utdanna ved Noregs musikkhøgskole i 2000, og har etablerte seg raskt i toppsjiktet av norske jazztrompetistar. Aktiviteten spenner over eit breitt spekter av stilartar. Inspirasjonen frå mange turnear til New Orleans kan høyrast i botnen av uttrykket, kombinert med ei open og tidlaus tilnærming til jazztradisjonen. Han har vore med å etablera fleire band som har vore eksponentar for vital norsk jazz dei siste 25 åra, som Nymark Collective, Funky Butt og Gumbo. Og han var trompetist i Ytre Suløens Jass-ensemble i 18 år.

I fjor vår sat han saman den nye kvartetten sin. Med seg har han tre av landets mest hardtsvingande musikarar. Musikken er utadvendt, groovy og melodiøs, og alt materialet er eigenskrevet. Uttrykket varierer frå det mest intense, til det vare og såre, og er ei herleg samansmelting av store delar av jazz-tradisjonen.

Besetning:

Kåre Nymark jr. -trompet

Anders Aarum – piano

Jens Fossum – Kontrabass

Elias Tafjord – trommer

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Jazzklubben Volda Ørsta
E-post:
post@jazzklubben.no
View Arrangør Website