Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

BROTHERS IN ARMS – A TRIBUTE TO DIRE STRAITS

23. september 2022 / 21:00 - 24. september 2022 / 01:00

kr250

Her e d berre å glede sej! «Brothers In Arms – a Tribute to Dire Straits» skal spele på Tredet!

«Brothers In Arms – a Tribute to Dire Straits» vart danna i 2007 av sju mykje rutinerte musikarkameratar frå Ålesund og Brattvåg (også ein innflytta amerikanar og to innflytta nordlendingar).

Dei byrja i det små med ein årleg konsert på Teaterfabrikken i Ålesund. Bandet vart særs populært og spelte for fulle hus etter kvart.

Dire Straits, med låtskrivar, gitarist og vokalist Mark Knopfler i spissen, leverte tidlause kvalitetsmusikk med utgjevingane frå slutten av 70-talet til byrjinga av 90-talet. Brothers In Arms spelar dei beste låtane til Dire Straits, og dei varierer reportoaret litt frå konsert til konsert. Nokre låtar kjem dei sjølvsagt ikkje utanom, som td. Sultans of Swing, Money For Nothing, Why Worry, Romeo and Juliet, og sjølvsagt Brothers In Arms!

Sjølv om «Brothers In Arms» gjer Dire Straist-låtane på sin måte, vil publikum aldejles garantert kjenne att musikken og låtane. Og på konserten til «Brothers In Arms» på Tredet kan ein risikere både høøøøøge allsong, taktfaste klapping og til og med enkelte so he lyst t å danse!

Dei som spelar i «Brothers In Arms», er

* Erik James Anderson, vokal
* Ketil Strand, gitar og vokal
* Lars Øverås, bass
* Bjørn A. Skjelten, trommer
* Kjell Myklebust, tangenter
* Sten-Even Holstad, gitar
* Kjetil L: Ingvaldsen, sax , perc. og tangentar

Billett kr. 250,- kjøper de på tikkio.no, eller i døra på Tredet om der er billettar til overs.

Aldersgrensa er 20 år.

Detaljer

Start:
23. september 2022 / 21:00
Slutt:
24. september 2022 / 01:00
Pris:
kr250
Hjemmeside:
https://tredet.no

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website

Other

Aldersgrense:
20 år