FunkUps 10/02

Konsertstart: 21:00
Konsertslutt:
23:00
ID: 20
CC:
Gratis

Tekst frå bandet: Etter ein strålande kveld for 2 veker sidan med stor stemning og fullt hus inviterer som lova FunkUps igjen til ein uformell musikalsk kveld med løs snipp og god stemning der det vert servert funk, jazz og jazz-rock frå svunne tider. Stikkord er Hancock, Wonder, Jarrett, Corea, Cobham, Thingnæs etc. Vi er opne for låtforslag frå salen, men desse vert som vanleg sjelden tatt til følge.

Vi startar å spele 21.00 og satsar på å vere ferdige kl 23.00 så alle kan kome seg heim til sømmeleg tid. Til alt overmål er det fri inngang (!), men om nokon vil gi eit bidrag via Vipps vert det høve til det. FunkUps vil fortsette med å invitere til uformelle musikalske samlingar på Tredet kvar tredje veke utover vinteren og våren!FunkUps består av velkjende stabbesteinar i det lokale musikklivet, men akkurat denne besetninga har merkeleg nok aldri vore prøvd før…!FunkUps er: Stein Lied; trommer/ Andre Folkestad; trombone / Per Arne Brandal; gitar / Ulf Kristiansen; sax / Svein Hunnes; bass / Ivar Kvangardsnes; trompet / Øyvind Lied; tangentar