To strenge herrer!
november 6 / 21:00 - november 7 / 02:00
«To Strenge Herrer», også kjende som Lars Øverås og Ketil Strand, har spelt saman i bortimot eit halvt hundreår i mange ulike samanhengar, og mange kjenner dei sikkert m.a. frå bandet Brothers In Arms – A Tribute to Dire Straits, som tidlegare har spelt på Tredet.
I tillegg har begge to sine respektive soloprosjekt med eigenkomponert musikk; Lars med viser, og Ketil med instrumentalmusikk. Begge har halde fleire solokonsertar kvar for seg rundt om i distriktet, og til saman har dei gitt ut 6 album samt nokre singlar, som kan finnast på ymse digitale strøymetenester på nett.
Men sjølv om dei har spelt utallege konsertar saman i diverse band osv., er dette musikalske samarbeidsprosjektet med berre dei to, nytt av året, og sidan debutkonserten på Fabrikken Kulturscene i mars, har dei spelt fleire konsertar i Ålesund og omegn.
På konserten vil dei spele ei herleg blanding av sjølkomponerte låtar og viser, både kvar for seg og saman.
ID: 20+
CC: 150kr – Betaling i døra
Start: Rundt 21:30
CC: 150kr – Betaling i døra
Start: Rundt 21:30