- This event has passed.
Signe Førre trio m. Eivind Austad/ Raymond Lavik
15. september 2023 / 21:00 - 22:30
kr300Vokalist, komponist og bassisten Signe Førre besøker Jazzklubben Volda Ørsta med sin trio, kor du møter Eivind Austad på piano og Raymond Lavik på trommer (vikar for Håkon Mjåset Johansen).
På denne konserten får vi høyre alt frå vakre ballader, jazz med full trøkk, behageleg bossa, klassikere frå swing-perioden samt folkemusikk frå ulike kulturar som Bulgaria, Nord-Makedonia og Serbia. Signe har laga nye jazz arrangement til folkemusikken med leikne detaljar og utforskande samspel med Eivind Austad som både har ein eksperimentell tilnærming, men også ein veldig vakker måte å tolke materialet på samt Raymond Lavik sine briljante solistiske eigenskaper som slagverkar. Han speler både eksplosivt og rått, samt strør på med lekre detaljar. Signe Førre trio er med på å strekke grensane mellom etnisk musikk, folkemusikk og jazz, og skapar saman eit lydlandskap der kulturarv frå ulike land blir utforska og forent i improvisasjon og leikande samspel. Det er litt mystisk, men også spennande med masse ulike detaljar. Signe spelar tøffe bassrytmer mens ho syng stødig og vakkert på serbisk, bulgarsk, makedonsk og engelsk. Det blir også jazzklassikere frå swing perioden samt nokre av Signe sine komposisjonar. Signe har tidlegare fått omtalar der hennar konsertar har blitt beskrevet som magisk av Ringerikes blad, bladet Tysnes og avisa Hordaland og hennar basspel vart trekt fram som virtuost i avisa Hordaland sin omtale av konserten.

Den unge Førre høster også lovord for frå blant anna saksfongiganten Andy Sheppard:
«She is a totally natural musician and wonderful composer. Her improvisations and compositions have an expression and sensitivity particular to Norwegian jazz musicians.»

Signe Førre – bass og vokal
Raymond Storaunet Lavik – trommer
Eivind Austad – piano
Raymond Storaunet Lavik – trommer
Eivind Austad – piano
Billetter: medlem 250,-, ikkje medlem 300,-