Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

ROMJULFEST MED FUNKUPS

27. desember 2022 / 18:00 - 28. desember 2022 / 02:00

ARRANGEMENTET ER UTSELT! DET ER IKKJE MULEG Å KJØPE BILLETTAR I DØRA!
Under korona-krisa for nokre år sidan var det nokre lokale musikantar som sat heime i kvar si krå og synest det vart for lite gjort. Dei ville so gjerne ut og bruke instrumenta sine til noke fornuftig – ikkje berre støvsamling heime. Men då måtte dei ha eit turvande lokale – som stetta alle krav til omgang med folk; Det måtte vere stort nok til at ein kunne halde lovlig avstand. Dette fann dei i eit kjellarlokale i Volda sentrum.
Notane vart kopiert og det vart kalla inn til øving. Øvingane vart halde ein gong i veka, og desse to timane vart etter kvart eit av dei få høva dei hadde til omgang med andre rektige folk, og slik sett ein viktig oase i ein elles grå og traurig kvardag.
Når so koronaen hadde sagt sitt, var kvaliteten på spelinga vorte so pass høg at dei tykte at dette kunne delast med anna folk – også kalla publikum. Men då måtte ein ha eit namn; Mange forslag vart lansert, og det minst kleine vart valt: the FunkUps. (Det kan kanskje seie litt om kor kleine dei andre forslaga var…)
Når namnet var bestemt fann dei ut at ein kafe nede i sentrum skulle hatt eit tilbod om levande musikk – om ikkje anna so kunne dei bidra med torsdagsunderhaldning i ny og ne. Tredet vart plassen, og torsdags”øvingane” med the FunkUps har vore godt omtykte – både av bandet og publikum.
No har bandet spreidd sin jazz, blues og funk med jamne mellomrom, og er no klare for å trø til med ein skikkelig spelejobb; Tredje juledag stiller dei med nystrokne skjorter og nypussa botfora. Dei har til og med spissa repertoaret til å passe både dei som likar å høyre på musikk, og dei som likar å danse…
the FunkUps består av:
Øyvind Lied: Tangentar / vokal
Stein Lied: Trommer / vokal
Svein Olav Kruse; Gitar
Andre Folkestad; Trombone
Svein Hunnes; Bass
Ulf Kristiansen; Sax
Ivar Kvangardsnes; Trompet
FunkUps byrjar å spele kl. 21.00!
Aldersgrense 20 år.

Billettar er lagt ut for sal på tikkio.no.

Eventuelle overskytande billettar vert seldt i døra!

Velkomne skal de vere! 🙂

 

Detaljer

Start:
27. desember 2022 / 18:00
Slutt:
28. desember 2022 / 02:00
Hjemmeside:
https://tredet.no

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website

Other

Aldersgrense:
20 år