Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

OLAV STEDJE MED BAND

13. mai 2022 / 20:00 - 23:00

kr200.

Det er med stor stas vi kan meddele at Olav Stedje og bandet hass kjem til Tredet neste fredag kveld den 13. mai.

Olav debuterte i 1981 med «Ta meg med». Etter seks sylvplater (over 25.000 stk. selde) og velfortent spelemannspris for «Tredje Stedje», har han etterkvart vorte «folkeeige».

Olav kom for alvor i rampelyset, då han på byrjinga på åttitalet byrja å samarbeide med «LAVA». Sidan kom låtane på rekke og rad; «Ta meg med», «Vi vandrar saman», «Ein nordmann sin draum», «Stao no pao», osv

CD-en «Bot og Bedring» kom ut i 1995, produsert av den mangeårige samarbeidspartnaren Svein Dag Hauge, og denne produksjonen er nok ei stadfesting på den solide kvaliteten og tradisjonen som Olav Stedje står for.

Den førebels siste utgjevinga «Vest for verdas ende», kom ut i 2013.  I dei seinare åra har Olav Stedje reist rundt som visesongar og underhaldt. Hausten 2018 derimot, tok han med seg sine gamle vener frå gruppa «LAVA», Svein Dag Hauge (gitarist og vokal) og Per Hillestad (trommeslagar), med fleire, og reiste på vestlandsturne, til stormande jubel, som i «gamle dagar».

Det er med denne «gjengen» han no vitjar Tredet neste fredag.

Meir info om konserten kjem snart.

Detaljer

Dato:
13. mai 2022
Tid
20:00 - 23:00
Pris:
kr200.

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website

Other

Aldersgrense:
20 år
Billettsal:
https://www.tikkio.com