Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Lyrikk-kveld // Mørkets sangerske – Gunvor Hofmo i ord og tonar

2. mars 2022 / 19:00 - 23:30

Onsdag 2.mars kjem Eivind Ødegård og Rune Olstad til Tredet med forestillinga «Mørkets sangerske – Gunvor Hofmo i ord og tonar». I 2021 var det 100 år sidan Gunvor Hofmo vart fødd. Ho vert rekna som ein av dei store norske lyrikarane. Ho har nok vore ei litt gløymt stemme, men takka vere Jan Erik Vold, har ho vorte løfta fram att dei seinare åra.

Gjennom forestillinga vert du litt betre kjent med Hofmo, både som lyrikar og menneske. Eivind Ødegård står for den musikalske biten, i tillegg til at han les nokre dikt. Eivind spelar på ulike instrumnet. Kanskje tek han med bukkhornet også. Rune Olstad les dei fleste dikta, i tillegg til at han kjem med små biografiske drypp.

Eivind er lærar og musikar og bru i Fjærland, Rune er tidlegare lærar, bur i Volda, og har litteraturformidling som ein av hobbyane sine.

Forestillinga varer i omlag 45 minutt.

Detaljer

Dato:
2. mars 2022
Tid
19:00 - 23:30

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website