Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Karl Bjorå

august 30 / 20:00 - 22:00

Karl Bjorå har ein dei siste 6-7 åra kunne oppleve i band som Emmeluth’s Amoeba, Yes Deer, Megalodon Collective og fleire, gjennom utgjevingar med gruppene, og konsertar verda rundt. I sitt eige band vert berre Bjorå sine komposisjonar framførte, der jakta på ein kvalitetsrik og unik lyd, både som ensemble og åleine, er i fokus.

Bandet sitt særpreg ligg i både instrumenteringa og musikarane sine sterke eigne uttrykk, og balanserer komponerte element og fritt spelerom hårfint – utan at det oppstår kamp om plassen. Som Arild R. Andersen skreiv i Aftenposten: “Bjorå dekonstruerer biletet av gitaristen som sjølvnytande midtpunkt og akrobat. Han utfordrar lyttarane sine forventningar og skaper heilskap, heilt utan å vimse”.

Bandet:

  • Karl Bjorå – gitar & komposisjon
  • Selma French Bolstad – fele & vokal
  • Tuva Syvertsen – feler & vokal
  • Vegard Lien Bjerkan – piano & synther
  • Bárður Poulsen – kontrabass
  • Andreas Winther – trommer
  • Håvard Aufles – synther