- This event has passed.
Jazzkafé – JILB
mai 11 / 14:00 - 16:00
kr50 – kr150Siste jazzcafe denne sesongen; Som vanlig finn denne stad på Tredet.
Bak tittelen JILB skjuler initialane til John Inge Leira Bjøringsøy seg. Han er organist i Ørsta og geitebonde på Leira i Hjørundfjorden, men ikkje minst ein mykje nytta og omtykt pianist. Stikkord her er allsidigheit – både i sjanger og uttrykk; Her får du alt frå det enkle og vare til det teknisk avanserte og frapperande. Dette er første gong John Inge frontar eit prosjekt, og det gjer han med enkel eleganse!
I kompet sit Carlos Alberici på trommer og Svein Hunnes på bass.