Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Jazzkafé – Åsestranda Jazzforening

februar 17 / 14:00 - 16:00

Åsestranda Jazzforening er frå Ålesund, og  dei spelar gamle jazzklassikarar som dei fleste har høyrt før. Reportoaret spenner frå swingande blues og swingjazz til bossa og sarte ballader. Kåre Halvorsen er ei levande legende i Ålesund sitt jazzmiljø og feira 92 årsdagen med spelejobb i Ålesund i desember 21. Han starta pianokarriera på 40-talet og spelejobbane blei etter kvart ganske mange, spesielt i lag med Simon Flem Devold. Han er Æresmedlem nr 1 i Jazzsirkelen i Ålesund og ein stilsikker pianist, og har på ein fremragende måte vore eksponent for Teddy Wilson sins spelestil som også har vore kalla ”kløverjazz”. Leiv Staale Aasebø starta si musikalske karriere for alvor etter å ha fullført musikkutdanning på konservatoriet i Oslo på slutten av 60 talet. Han spela på fulltid i mange år, både på trommer og klarinett – før han etter kvart slo seg til ro som musikklærar i Ålesund. Han fortsette å spele på fritida og er en vel ansett musiker for jazzinteresserte. Alf «Affen» Eide har spela trommer sidan tidlig 60-tal, ofte saman med Leiv Ståle i ulike samansetningar. Affen spela på fulltid heile 70-talet på den tida det var god marknad for hotelljobbar for norske musikarar. Han er ein svært solid trommis, og ein av få som virkelig meistrar å få det til å «svinge» – sjølv på lavt lydnivå. Karl Johan Andersen starta som gitarist, men havna med bassgitar i hendene etter kvart. Han spela på fulltid ei periode på 80-talet, men vart etter kvart hobbymusikar med ei allsidig karriere bak seg. Eit godt tonevalg utan å spele for mykje har alltid vore ei styrke, og no tek han denne eigenskapen inn i jazzmusikken også. Ronny Basso var fulltids musikant og gitarlærar på heile 90-talet og fram til 2005. Etter den ganske intense perioda, vart det ei 10 års pause før han etter kvart fann fram gitaren igjen. Då var det jazzen som fekk all merksemd. Han er kjend som både ein habil gitarist og vokalist.

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website