Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

JAZZKAFE MED KURT SAGEN JAZZ KVARTETT

27. august 2022 / 14:00 - 16:00

«Kurt Sagen Jazz Kvartett» er eit av dei leiande banda på våre kantar innan vintage-jazz. Bandet spelar favorittmelodiar og klassiske jazzlåtar, krydra med eigne arrangement og varierte rytmemønster frå balladar til swing, bossa nova og samba. Dette er stemningsfull og akustisk jazz for folk flest.

Kurt Sagen som bandleiar og gitarist, har i ei årrekke markert seg innan jazz- og underhaldningsmusikk i regionen. Han har lang fartstid som musikar, og har vore leiar for kjende, lokale band som «West Coast Swing», «Blue Horn Jazzband», «Intermezzo Duo», «Molvær/Sagen Trio» og «Møre Swing Band.»

Sven Bernt Ellingseter frå Fiksdalen er ein gåverik musikar og saksofonist. Vi høyrer lyden av «Bjarne Nærem» når han framfører «Trubbel» som bossa nova på tenorsaxen, «Georgia on my mind» på altsax eller «Petite Fleur» på sopransax.

Miki Campins trakterer trommene. Han har Bachelor og Master i perkusjon og underviser på slagverk i Ålesund. Han deltek på ei rekkje musikkaktivitetar i vår region. Det er eit privilegium å ha han med som fast medlem også i dette bandet.

Lars Martin Vik er ein av dei framste kontrabassistane i regionen, og gjer seg gjeldande i fleire ulike musikkaktiviteter. Han har musikkutdanning frå NTNU/jazzlinja i Trondheim.

Detaljer

Dato:
27. august 2022
Tid
14:00 - 16:00
Hjemmeside:
https://tredet.no

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website