I høve 50-årsjubileumet inviterer jazzklubben til ein heilaften utanom det vanlege.
september 26 / 20:00 - 23:59
I høve 50-årsjubileumet inviterer jazzklubben til ein heilaften utanom det vanlege.
Kl. 20:00: Showet blir opna av Eirik Risholm Velle. Han vil underhaldalde med høgtlesing (eller skrøner om du vil) frå nokre av jazzklubbens store skattar: gjestebøkene!
Kl.21:00: Gjer deg klar for ein kveld med ein av landets mest allsidige og spennande jazzmusikarar!
Trombonisten, komponisten og produsenten Andreas Rotevatn (f. 1989) er oppvaksen på Nordfjordeid og har etablert seg som ein sentral aktør i norsk musikkliv. Med utdanning frå både Griegakademiet og Norges musikkhøgskole har han opparbeidd seg ein unik breidd—anten han spelar med storleikar som Jaga Jazzist, Fieh, Cezinando og Ytre Suløens Jassensemble, eller komponerer for det prisbelønte komponistkollektivet OJKOS.

Med heile 9 Spellemann-nominerte eller -vinnande plater på cv-en og Jazzprisen for «Årets verk» i bagasjen, kjem han til Volda med sitt eige prosjekt.
Nytt album ute 4. september!
Ferskt ut frå studio kjem hans nyaste soloprosjekt, der han viser sine evner som både låtskrivar og produsent innan eit meir populærmusikalsk landskap. Dette blir ein strålande sjanse til å oppleve heilt ny musikk live!
Andreas Rotevatn – trombone, tangentar & vokal
Johannes Nøkling Aagard – gitar
Leo Geller – bass
Elias Tafjord – trommer
Andrea Horstad – vokal
Johannes Nøkling Aagard – gitar
Leo Geller – bass
Elias Tafjord – trommer
Andrea Horstad – vokal
22:30 og utover: Klubb-jazzklubb! Det blir platespeling med nøye utvald musikk for anledninga. Sjå meir her: https://fb.me/e/4URhOqaZE