Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Folkemusikkjam med Øyraspel

14. juni 2023 / 19:00 - 22:00

Folkemusikk på Tredet i Volda!

Gratis inngang

«Øyraspel» er eit folkemusikkprosjekt for ungdom og vaksne i regi av Volda kulturskule med Jorun Marie Kvernberg som lærar og motor. Me er i dag ti felespelarar, ein bratsjist, ein perkusjonist og ein pianist.

Me har lyst til å dele med folket den fine slåttemusikken me har trent oss på og kosa oss med det siste halvåret, og byr inn til konsert og jam. Me startar med eit lite program frå gruppa før scena er opa både for impulsivt solospel og uformelt samspel. Kom og ta med instrumentet ditt, eller kos deg ved bordet som ein av kveldens verdfulle lyarar!

Det er høve til å kjøpe seg mat på Tredet før klokka 19.

PS! Folkemusikk-kurset held fram hausten 2023, og det er ope for nye deltakarar på alle slags instrument.

Detaljer

Dato:
14. juni 2023
Tid
19:00 - 22:00

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website