Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

BOKSLEPP «KVINNER FRÅ ANDRE LAND SOM VALDE VOLDA OG ØRSTA»

30. november 2022 / 18:00 - 19:30

30 avisartiklar i Møre og Møre Nytt har blitt bok: «Kvinner frå andre land som valde Volda og Ørsta.»

Kvinnene som har vorte portretterte i artiklane i Møre og Møre Nytt det siste året, vil vere til stades på boksleppet på Tredet kl.18.00 onsdag 30. november. Det vert kåseri om kultursjokket, song og internasjonal dans.

«Eg håper at denne boka kan føre til kontakt», seier Reidun Aambø. «Voldingar og ørstingar kan verte kjende med desse kvinnene og kulturen deira, så kanskje kan det føre til ein liten samtale på butikken eller i nabolaget? Dei aller fleste innvandrarar trivst i bygdene våre, men å få kontakt med nordmenn er vanskeleg, bortsett frå på fjellet. Der helsar alle på kvarandre. Vi veit sjølv kor kjekt det er når nokon snakkar med oss når vi er turistar i andre land. Desse kvinnene er ikkje turistar, Volda og Ørsta er heimstaden deira, og dei bør kjenne seg velkomne og heime.»

Det er kjekt å få presentere ei bok som både er kortreist og «langreist». Alt av setting, trykking og binding er gjort hos Aarflot Media lokalt, og innhaldet er i høgste grad internasjonalt. Bøker vert selde til reduserte prisar.

Gratis inngong!

Alle er velkomne!

Detaljer

Dato:
30. november 2022
Tid
18:00 - 19:30
Hjemmeside:
https://tredet.no

Sted

Tredet
Halkjelsgate 8
Volda, Møre og Romsdal 6100 Norge
+ Google-kart
View Sted Website

Arrangør

Tredet
E-post:
post@tredet.no
View Arrangør Website