Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Quest

november 19 / 20:00 - november 20 / 01:00

Konsert med Quest på Tredet!
Torsdag 19. november blir det gjensyn med Quest på Tredet. Bandet har gitt ut ny plate, Möbiusband, og musikk derifrå vil prege konserten. Kva slags musikk kan vi vente? For Quest står improvisasjon sentralt, så ingen konsert er heilt lik den førre, eller musikken på plata. Dei musikalske impulsane kjem frå ulike kantar og går på tvers av sjangrar: moderne jazz, folkemusikk og samtidsmusikk.
Quest har, med litt skiftande besetning, eksistert i 26 år. Den nye plata markerer såleis eit litt forseinka 25-årsjubileum. Men plata er også knytt til noko mindre hyggeleg. Undervegs i arbeidet med innspelinga gjekk gitaristen vår, Torleif Sagstad, bort. Plata kom ut, og no spelar vi konsert utan han, men med delar av hans bidrag som utgangspunkt for improvisasjonar. Ein konsert som dette vil etter vårt syn vere den beste måten å heidre han på. Velkomen!
Andreas Barth – perkusjon, nøkkelharpe, elektronikk�
Erik Fooladi – perkusjon, vatn, lab.utstyr�
Geir Hjorthol – trompet, perkusjon, stemme, elektronikk
Start: 20:00
CC: 200 kr – Betaling i døra

Detaljer

Start:
november 19 / 20:00
Slutt:
november 20 / 01:00