- Dette event har allerede funnet sted.
Jazzklubben Volda Ørsta feirer 50 år Sunnmøre komponistorkester
september 25 / 20:00 - 23:00
Fredag 25.september opnar vi jubileumsfeiringa med eit knippe lokal(regional)e heltar som har samla seg i ensemblet SKO – Sunnmøre Komponistorkester. Lena Nymark er opphavskvinna til idéen med orkesteret – som skal gje musikarar i regionen høve til å skrive for større ensemble.
Dei har allereie hatt fleire konsertar, men berre i Ålesundsregionen så det er kjekt å lokke dei innom storfjorden, til oss i Ørsta Volda.
Bandet består av:
Kåre Nymark (trompet),
Håkon Hagen Knudsen (sax,bassklarinett),
Lena Nymark (sax og vokal),
Klaus Blomvik (trommer),
Lars Martin vik (kontrabass, bass IV)
Torgeir (på pedal steel og gitarer)
Festivalpass og billettar til enkeltarrangement kan kjøpast på nettstaden vår og i døra