Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

TredetBingo med Erik & Trude

august 28 / 20:00 - 23:00

BINGO PÅ TREDET!
Bingo på Tredet har blitt ein god tradisjon, og kvar gong er det bortimot fullt hus. Dette vil du vere med på!
Ta med deg familie, naboen, kollegaen og vener – dette blir ein kjekk kveld med god stemning, spaning og humor.
Bordreservering i forkant anbefalast!
Ta kontakt på Messenger eller ring oss i opningstidene våre på nummeret: 919 24 391.
Kjøkkenet stenger kl. 20.00 når bingoen startar. Me anbefalar å vere tidleg ute om du vil ete mat før spelet.
Erik og «Tause Trude» er tilbake på kjente trakter og styrer arrangementet med god rutine.
Med snart 10 års erfaring veit me at me er i trygge hender. Dei blandar seriøsitet med spissfindig og tidvis fantastisk elendig humor – noko for ein kvar smak.
Erik sveivar hjulet, les opp tala og deler funfacts du ikkje visste at du ville vite. Trude har kontroll på ballane, premiane og generelt at alt går rett føre seg.
Bingo er spelet som passar for alle. Alle har like føresetnader for å vinne, og me garanterer god stemning, spaning og ein god dose humor.
Ein bong har 4 ark. Det spelast 2 ark før pause og 2 ark etter pause. Til slutt avsluttar me det heile med «Rask Røvar». Spesialspel som Hjørne, Sprang og Trippel kan førekome om stemninga tillet det.
Totalt vert det delt ut minimum 15 varierte premiar denne kvelden. Hovudpremien er sjølvsagt ekstra stas å ta med seg heim.
Bingoen startar presis kl. 20.00 og varer til om lag kl. 22.30.
Bongar vert selde frå ca. kl. 19.15.
Pris:
* Bong: 150,- (du kan kjøpe fleire for å auke vinnarsjansane)
* Dobbel Bong: 275,-
* Rask Røvar: 50,- (du kan kjøpe fleire)
Betaling: Vipps eller kontant.
18 års aldersgrense.
Me sjåast på Tredet ❤️

Detaljer

Dato:
august 28
Tid
20:00 - 23:00
Hjemmeside:
https://fb.me/e/8gZJ8VPU6