Strikkekafé

Datoar:
18.01 ▪️ 15.02 ▪️ 15.03 ▪️ 19.04 ▪️ 24.05 ▪️ 21.06
Klokkeslett: 18.00
CC: Gratis.

Vi er klare med oppstart av Strikkekafé igjen på Tredet 🧶
Er du glad i strikking, hekling eller anna handarbeid? Merete og Astri arrangerer strikkekafé hjå oss, enkelte tysdagar fram til sommaren, som eit fast innslag. Ein fin arena for dei som ynskjer å dele skapargleda med andre! Dei inviterer både deg som har vore med på strikkekafé tidlegare – og nye – til sosialt fellesskap og strikk/handarbeid. Dersom du berre har lyst til å kome å vere i lag med, så er du sjølvsagt også hjarteleg velkommen.

▪️ Skravling
▪️ Strikking/handarbeid
▪️ Deling av tips og råd til dei som treng det
▪️ God mat og drikke

Vel møtt!