BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//Tredet - ECPv6.9.0//NONSGML v1.0//EN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
X-WR-CALNAME:Tredet
X-ORIGINAL-URL:https://tredet.no
X-WR-CALDESC:Arrangementer for Tredet
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-Robots-Tag:noindex
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
BEGIN:VTIMEZONE
TZID:Europe/Oslo
BEGIN:DAYLIGHT
TZOFFSETFROM:+0100
TZOFFSETTO:+0200
TZNAME:CEST
DTSTART:20260329T010000
END:DAYLIGHT
BEGIN:STANDARD
TZOFFSETFROM:+0200
TZOFFSETTO:+0100
TZNAME:CET
DTSTART:20261025T010000
END:STANDARD
END:VTIMEZONE
BEGIN:VEVENT
DTSTART;TZID=Europe/Oslo:20260926T130000
DTEND;TZID=Europe/Oslo:20260926T160000
DTSTAMP:20260928T005038
CREATED:20260924T114211Z
LAST-MODIFIED:20260924T114211Z
UID:5554-1790427600-1790438400@tredet.no
SUMMARY:Jassklubben ørsta volda 50 år jubileumsjasscafe
DESCRIPTION:På femtiårsdagen til Jazzklubben må det sjølvsagt vere Jazzkafé. Vi får besøk av Uberjam frå Ulsteinvik som spelar to sett\, men imellom setta har vi invitert representantar frå Jazzklubben si historie til ein utvida Jazzprat. Her kjem vi til å få høyre frå Jazzklubben si spede byrjing og fram til i dag.\nUberjam spelar instrumental gladfunk frå tida då jazzrock og jazz-pop kom til Sunnmøre\, og dei hevdar sjølv at dei starta bandet sidan dei kun høyrte på slik musikk uansett. Überjam haustar lovord for lett og ledig stemning når perlene frå mellom anna Koinonia\, Lee Ritenour Wes Montgomery\, Pat Metheny samt nokre eigne låtar vert servert i lettfatteleg innpakning. Serveringa er relativt uformell\, og bandet gler seg over at dei som glade amatørar også kan få spele denne trivelege musikken.\nBandnamnet «Überjam» vil ein jazz-kjennar lett kunne sjå som ein hyllest til legendariske John Scofield\, som i 2002 gave ut ein LP med same namn. Den første av to\, sjølvsagt. Überjam sine coverlåtar er eit minne frå den tida der alt med ”slaphand” bassing og clean chorus «gitarplukking» vart omtala som ”West coast” uten at vi ana kvifor.\nResponsen frå publikum har vore overveldande\, og med lett (og sjeldant faktasjekka) låthistorikk i kombinasjon med høg nynnefaktor gjer dette til ein minnerik og uforgløymeleg session. Bandet satsar for fullt med flott instrumentalmusikk med hovudvekt på 70/ 80 og 90-talet og spelar svulstige gitar- og keyboardriff\, trommeovergangar du aldri meir høyrer og bassgrooves som eigentleg har gått ut på dato\, men som du garantert nynner med på. Det heile blir gjerne servert med gode gamle (rundt 60 år gamle…) Hammond b3-lydar og god stemning – ofte til eit publikum av kjennarar som utruleg nok ofte har vore på konsert med Überjam før utan å ta nemneverdig skade ser det ut til…\nÜberjam består av:\nRune Ertesvåg; gitarBertil Tødenes; TrommerPeter Demirov; TangentarJan Thormodsæter; bass.\nFestivalpass og billettar til enkeltarrangement kan kjøpast på nettstaden vår og i døra.
URL:https://tredet.no/event/jassklubben-orsta-volda-50-ar-jubileumsjasscafe/
END:VEVENT
BEGIN:VEVENT
DTSTART;TZID=Europe/Oslo:20260926T200000
DTEND;TZID=Europe/Oslo:20260926T235900
DTSTAMP:20260928T005038
CREATED:20260924T114633Z
LAST-MODIFIED:20260924T114633Z
UID:5556-1790452800-1790467140@tredet.no
SUMMARY:I høve 50-årsjubileumet inviterer jazzklubben til ein heilaften utanom det vanlege.
DESCRIPTION:I høve 50-årsjubileumet inviterer jazzklubben til ein heilaften utanom det vanlege.\n\nKl. 20:00: Showet blir opna av Eirik Risholm Velle. Han vil underhaldalde med høgtlesing (eller skrøner om du vil) frå nokre av jazzklubbens store skattar: gjestebøkene!\n\nKl.21:00: Gjer deg klar for ein kveld med ein av landets mest allsidige og spennande jazzmusikarar!Trombonisten\, komponisten og produsenten Andreas Rotevatn (f. 1989) er oppvaksen på Nordfjordeid og har etablert seg som ein sentral aktør i norsk musikkliv. Med utdanning frå både Griegakademiet og Norges musikkhøgskole har han opparbeidd seg ein unik breidd—anten han spelar med storleikar som Jaga Jazzist\, Fieh\, Cezinando og Ytre Suløens Jassensemble\, eller komponerer for det prisbelønte komponistkollektivet OJKOS.\nMed heile 9 Spellemann-nominerte eller -vinnande plater på cv-en og Jazzprisen for «Årets verk» i bagasjen\, kjem han til Volda med sitt eige prosjekt.\nNytt album ute 4. september!\nFerskt ut frå studio kjem hans nyaste soloprosjekt\, der han viser sine evner som både låtskrivar og produsent innan eit meir populærmusikalsk landskap. Dette blir ein strålande sjanse til å oppleve heilt ny musikk live!\nAndreas Rotevatn – trombone\, tangentar & vokalJohannes Nøkling Aagard – gitarLeo Geller – bassElias Tafjord – trommerAndrea Horstad – vokal\n\n22:30 og utover: Klubb-jazzklubb! Det blir platespeling med nøye utvald musikk for anledninga. Sjå meir her: https://fb.me/e/4URhOqaZE
URL:https://tredet.no/event/i-hove-50-arsjubileumet-inviterer-jazzklubben-til-ein-heilaften-utanom-det-vanlege/
END:VEVENT
END:VCALENDAR